DILL AS

   

Om oss

Dill AS er eit privat selskap som vart skipa våren 2009, som ein konsekvens av kommunale budsjettkutt som ville ha ført til reduksjon av kommunale tenester som Halsnøytunet ytte.

Dill er namnet på selskapet sitt konsept, eit konsept som inneber levering av mat til Halsnøytunet (ved Kvinnherad kommune), pluss drift av eigen kafé, catering, selskapslokale og frivilligsentral.

Selskapet starta opp drifta den 1. juli 2009, med kafé og catering. Frå september same året kom frivilligsentralen i sving.

Dill vart kåra til bondeven av Halsnøy Bondelag i 2014. Kvar torsdag produserer vi i snitt 85 porsjonar med komler, basert på norske råvarer. Det meiner Halsnøy Bondelag kvalifiserer til heidersnamnet «Bondeven» som er ein årleg kampanje frå Norges Bondelag.

 

 



Ønskjer du å vita meir?

 

Ring gjerne for å tinga bord eller catering. Eller kanskje berre for å spørja kva me har til middag i dag?


Kontakt oss





Vår garanti :

   “   

  • Me garanterer levering til avtalt tid og stad.

  • Me garanterer bruk av ferske råvarer og kvalitetskontroll av tillaging.
  •    ”