DILL AS

   

Frivilligfest fredag 9. februar kl. 19:00

Er du engasjert i frivillig arbeid ved Halsnøytunet, er du hjarteleg velkommen til "frivilligfesten" 2018 !

Frivilligfesten er meint som ei påskjønning til alle dei som på ein eller annan måte er med og støttar opp under det frivillige arbeidet ved Halsnøytunet, enten i form av tillitsverv, arbeid, utkøyring eller om ein så berre er med på eigarsida i Dill eller medlem i «Optimisten».

  • Koldtbord av fremste Dill-kvalitet.
  • Program med tale og ymse underhaldningsinnslag utetter kvelden.
  • Festen er gratis!

  • Drikkevarer attåt maten, utover det reine kildevatnet, betaler ein sjølv. For påmelding, nytta kontaktskjema på heimesidene www.dill.as, meld deg på facebook arrangementet vårt eller ring Dill på telefon 416 90 425.

    Velkommen til ein triveleg kveld i godt selskap!

     



    Ønskjer du å vita meir?

     

    Ring gjerne for å tinga bord eller catering. Eller kanskje berre for å spørja kva me har til middag i dag?


    Kontakt oss





    Vår garanti :

       “   

  • Me garanterer levering til avtalt tid og stad.

  • Me garanterer bruk av ferske råvarer og kvalitetskontroll av tillaging.
  •    ”