DILL AS

   

Middag frå Dill til «Åsta Hansteen»

Om vel ei veke kjem det gedigne understellet til Aasta Hansteen plattforma til Høylandsbygd, der 80 arbeidarar i regi av Eide Marine Contractors AS har jobben med å reisa det frå liggjande til ståande stilling. Ein krevjande og tung jobb. Dill AS har gjort avtale om å levera middag kvar dag til alle dei 80 arbeidarane, som vert frakta til Tofte Skule for å innta det viktige måltidet.

Sjølv om dette er eit kortvarig oppdrag som ein reknar vil vera fullført på om lag 14 dagar, er det likevel eit kjærkome tilskot til middagsproduksjonen vår, seier dagleg leiar Siv Anita Brovold i Dill, som er førebudd på at porsjonane nok lyt vera noko større enn dei som vert levert ut til heimebuande i Halsnøy -og Husnessona.

Me vonar sjølvsagt at arbeidarane óg vert nøgde med maten me lagar og lukkast med å få denne kolossen på rett kjøl innan tidsfristen. Me gler oss til å vera med og spela ei lita, men viktig rolle i dette gigantprosjektet. Du veit at «utan mat og drikke, osv…», seier Siv Anita med eit smil.

Les meir på Stord 24 :
Stord 24

 



Ønskjer du å vita meir?

 

Ring gjerne for å tinga bord eller catering. Eller kanskje berre for å spørja kva me har til middag i dag?


Kontakt oss





Vår garanti :

   “   

  • Me garanterer levering til avtalt tid og stad.

  • Me garanterer bruk av ferske råvarer og kvalitetskontroll av tillaging.
  •    ”