DILL AS

   

Ny middagsrekord på Dill

Denne veka nådde middagsproduksjon ved Dill nye høgder: Over 400 porsjonar velsmakande middagsrettar med suppe eller dessert gjekk ut frå dei flinke damene på Dillkjøkkenet. Dette er ny rekord, og ein kraftig auke frå tidlegare gjennomsnitt.

Det er først og fremst konseptet med utkjøring av mat til heimebuande eldre og omsorgstrengande i Husnessona som er årsaken til den flotte utviklinga.
Her vert det no levert ut middagar frå Herøysund i nord til Valen i sør, inklusiv
Husnes og Sunde. Det har og vorte fleire på Halsnøy som har fått augo opp for
dette gode og rimelege tilbodet, slik at det også på den sida er fleire abonnentar
enn nokon gong før.



All ære og ros både til «damene på Dill» og dei friviljuge i begge sonene for det flotte resultatet !

Er du interessert i å abonnera på «Varm middag – rett heim» klikk på linken under :

Bestilling

 



Ønskjer du å vita meir?

 

Ring gjerne for å tinga bord eller catering. Eller kanskje berre for å spørja kva me har til middag i dag?


Kontakt oss





Vår garanti :

   “   

  • Me garanterer levering til avtalt tid og stad.

  • Me garanterer bruk av ferske råvarer og kvalitetskontroll av tillaging.
  •    ”