DILL AS

   

Frivilligfest fredag 24. mars!

Så er det igjen duka for den årlege Frivilligfesten i Kantina på Halsnøytunet, der Dill og «Optimisten» inviterer til til mat og kultur fredag 24. mars. Tradisjonen tru vert det skikkeleg servering, med god mat av fremste Dill-kvalitet. Jentene på Dill har som vanleg komponert ein flott meny, som ikkje vert avslørt før dørane opnar kl. 19:00. Vidare vert det program med tale og ymse underhaldningsinnslag utetter kvelden.

Frivilligfesten er meint som ei påskjønning til alle dei som på ein eller annan måte er med og støttar opp under det frivillige arbeidet ved Halsnøytunet, enten i form av tillitsverv, arbeid, utkøyring eller om ein så berre er med på eigarsida i Dill eller medlem i «Optimisten». Alle er hjarteleg velkomne til å melda seg, eventuelt med følgje. Sjølve festen er gratis, men drikkevarer attåt maten, utover det reine kildevatnet, lyt ein betala for.

For påmelding, nytta kontaktskjema på heimesidene eller ring Dill på telefon 416 90 425. Påmeldingsfrist er fredag 17. mars!

 



Ønskjer du å vita meir?

 

Ring gjerne for å tinga bord eller catering. Eller kanskje berre for å spørja kva me har til middag i dag?


Kontakt oss





Vår garanti :

   “   

  • Me garanterer levering til avtalt tid og stad.

  • Me garanterer bruk av ferske råvarer og kvalitetskontroll av tillaging.
  •    ”