DILL AS

   

Varm middag – rett heim




Eit apparat av friviljuge frå Optimisten køyrer på heile øya, hjelper til med oppvarming og tillaging om det trengst og set i frå seg porsjonspakningar i kjøleskapet til resten av veka. Denne ordninga i sving på Halsnøy heilt sidan starten i 2009. Prisen er rimeleg, berre 99 kroner og tilbakemeldingane svært gode.



I februar 2016 satsar vi på å komma i gang med same ordninga på strekninga mellom Uskedalen og Holmedal, på fastlandsida. Føresetnaden er at vi klarar å stabla på beina eit apparat av friviljuge som kan stå for distribusjonen. Bruk kontaktskjema om du er interessert i å abonnera på «Varm middag – rett heim» eller om du kan tenkja deg å delta i utkøyringa som friviljug. På Halsnøy nyttar dei friviljuge eigen bil for distribusjonen. Korleis dette blir ordna på fastlandet er under utgreiing og vil verta klarlagt snarast råd. Velkommen i ordninga:
Varm middag – rett heim !



Er du interessert i å abonnera på «Varm middag – rett heim» klikk på linken under :

Bestilling

Kan du tenkja deg å delta i utkøyringa som friviljug, klikk linken under :

Frivillig   

 



Ønskjer du å vita meir?

 

Ring gjerne for å tinga bord eller catering. Eller kanskje berre for å spørja kva me har til middag i dag?


Kontakt oss





Vår garanti :

   “   

  • Me garanterer levering til avtalt tid og stad.

  • Me garanterer bruk av ferske råvarer og kvalitetskontroll av tillaging.
  •    ”