DILL AS

   

Kvardagsmiddag på Dill

Frå om med måndag 20. februar startar me kampanjen «Kvardagsmiddag på Dill». Du er hjarteleg velkommen innom kvar dag mellom kl. 13 – 15 for å eta middag hos oss. Me har eit variert utval av god, norsk middagsmat på menyen kvar dag, måndag – fredag. Du finn menyen vår på denne lenka. I tillegg vert det sett ut plakat kvar dag. Om du ønskjer det, kan du sjølvsagt få middagen porsjonspakka og ta med heim. Det er lurt om du bestiller på førehand, enten gjennom kontaktskjema, SMS eller ein telefon.


Det vert sjølvsagt framleis råd å nyta våre utsøkte komler kvar torsdag mellom kl. 13 – 17. Ver obs på at du alle dagar kan få utlevert middagen i porsjonspakkar om det passar betre. Det gjeld óg dei gongene me lyt halda stengt på grunn av private arrangement, som minnestund m.m. Ring eller SMS oss på 41 69 04 25 eller bruk kontaktskjemawww.dill.as så kan henta du henta varm middag til avtalt tid.

Eit lite utval av kva me har til middag: (klikk for større bilde):

 



Ønskjer du å vita meir?

 

Ring gjerne for å tinga bord eller catering. Eller kanskje berre for å spørja kva me har til middag i dag?


Kontakt oss





Vår garanti :

   “   

  • Me garanterer levering til avtalt tid og stad.

  • Me garanterer bruk av ferske råvarer og kvalitetskontroll av tillaging.
  •    ”