DILL AS

   

Velkommen til Kaféen

Dill sin kafé i første etasje i Halsnøytunet på Sæbøvik har vore i drift sidan 1. juli 2009, og kvar dag har me ein rimeleg middag med dessert eller suppe. Me rullerer menyen over seks veker. Ta ein tur innom for eit måltid, eller for å ta ein kopp kaffi og slappa litt av i ein elles travel kvardag.

Middagsserveringa er måndag til fredag frå klokka 1300 til 1500, torsdagen fram til 1700. Det er diverre stengt laurdag og søndag.

Torsdag er komledag

Unn deg ein ferdigmiddag innimellom! Ingen ting smakar betre enn komla på Dill, seier mange. Denne vidgjetne komla vår serverer me deg saman med kjøt, pølse, bacon og kålrabi, frå klokka 1300 til 1700.
Ser me deg neste torsdag då?





(Klikk for større bilde)


 

 



Ønskjer du å vita meir?

 

Ring gjerne for å tinga bord eller catering. Eller kanskje berre for å spørja kva me har til middag i dag?


Kontakt oss





Vår garanti :

   “   

  • Me garanterer levering til avtalt tid og stad.

  • Me garanterer bruk av ferske råvarer og kvalitetskontroll av tillaging.
  •    ”