DILL AS

   

Bussturar

Kantina på Dill er ein naturlig stad å stoppa for eit avbrekk under utflukt til Halsnøy. Her kan ein få kjøpa kaffi, smørbrød eller middag etter avtale. Kortreist lokal middagsmat, laga av lokale råvarer som Sundepølse, Lundalsbacon eller Salmalaks er vår spesialitet. Eller kanske berre ein rimeleg lokal rett som «Fleskasos». For ikkje å nemna vår fantastiske, heimelagda pizza. Me kan óg servera eller senda med kaffimat som t.d. lappakaker (svela), eller lefse, dette er alltid populært.

Halsnøy har mykje å by på for deg som kjem på besøk!
Me nemner i fleng Klosteret, med sine ruiner og ei rik historie, Halsnøybåten, Eid kyrkje, Skjoldmøen-monumentet, Klokkesteinen i Landamarka, veggmåleriet i Hillestadvågen, Radiohola, Halsnøytanna, flytande øyar i Gravdalsvatnet, samlingane i Halsnøy Maritime Museum og mykje anna.



Me skaffar guide, som vert med bussen så lenge de har bruk for. Me garanterer ein dag full av opplevingar på Halsnøy !










Ring og avtal i god tid på førehand, så vert me samde om ein meny og eit opplegg som passar for nettopp di gruppe.


Helsing
  • «Jentene på Dill» -
  •  

     



    Ønskjer du å vita meir?

     

    Ring gjerne for å tinga bord eller catering. Eller kanskje berre for å spørja kva me har til middag i dag?


    Kontakt oss





    Vår garanti :

       “   

  • Me garanterer levering til avtalt tid og stad.

  • Me garanterer bruk av ferske råvarer og kvalitetskontroll av tillaging.
  •    ”